Velg din alder

Vi spør om hvor gammel du er for å kunne tilpasse informasjonen vi viser deg best mulig. Her er det ingenting som er hemmelig eller bare for voksne, men av og til kan det være vanskelig å forstå alt.
Beige%20-%20Snakkebobler%20-%20dag

Kan eg snakke med folk her?

Hei!😊 Eg har mista broren min. Han tok livet av segsjøl. Eg lurte på om eg kunne snakke med folk her? 

VÅRT SVAR

Hei og takk for at du skriv til oss!

Å miste broren sin i sjølvmord høyrest veldig vondt ut og det er godt at du skriv til oss slik at me kan vere nokon som du kan snakke med om korleis du har det.

Den beste måten å snakke med oss er gjerne å møte ein av oss på videosamtale eller telefon, men du kan ôg chatte med oss her på ungepårørende.no. Om du ønskjer å snakke med den same personen kvar gong er det lurt å enten ringer oss på 90904848 eller chatte med oss, og gje oss namn og mobilnummer, slik at ein av oss kan kontakte deg. Då kan me snakkast fleire gonger.

Om det er sånn at du helst vil snakke med nokon som har ekstra god peiling på sjølvmord så finst organisasjonen Unge LEVE, som er for unge mennesker som har mista nokon i sjølvmord. På deira nettsider finst det mykje god informasjon, og det finst ôg oversikt over tilbud i heile landet.

Me sender deg gode tankar og ønskjer deg inderleg velkomen til å ta kontakt for ein prat eller fleire.